Almesjuke

Almesjuke er påvist i Luster kommune i 2025, og no er vi veldig interessert i å finne ut meir om status for sjukdomen. 

Vi oppmodar alle om å ha eit ekstra auge for almetrea i tida som kjem for å finne ut mest mogleg om kor utbreidd denne framande sjukdomen er.

Korleis påvise smitte?
Almesjuke smittar på to måtar; anten ved at almesjukesoppen spreiast av almesplintboraren (ei borkebille), eller via rotkontakt med smitta tre.

Når billa har spreidd sjukdomen, skjer smitten oppe i trekrona, og symptoma viser seg nokre veker etter at billene har sverma. Billene svermar når dagtemperaturen har vore oppe i 20oC i nokre dagar, så symptoma viser seg gjerne frå siste delen av juni. Da blir blada på infiserte greiner gule, og krøllar seg etter kvart saman og blir brune. Dei infiserte greinene skil seg ofte klårt ut frå resten av trekrona («flagging»).

Dersom smitten skjer ved rotkontakt, utvikler sjukdomen seg raskare, og bladvisninga skjer over store delar av trekrona.

Smitta kan påvisast ved å kutte over kvistar eller greiner. På smitta tre vil det ha danna seg ein mørk ring ytst mot borken.

Kva gjer eg ved mistanke om almesjuke?

  1. Ta bilete av greiner som ser sjuke ut.
  2. Kutt over ein kvist frå den sjuke delen av treet. Ser du ein mørk ring ytst mot borken er det sannsynlegvis almesjuke. Ta bilete.
  3. Registrer funnet på skogskader.no. Legg inn bilete av trekrona og den mørke ringen på tversnitt av greina.
  4. Er du usikker- ta kontakt med kommunen- så gjev vi rettleiing slik at funnet kan registrerast.


Treet kan bergast dersom smitta enkeltgreiner fjernast raskt
Ved smitte frå biller som gnagar i greiner øvst i trekrona, kan spreiing av soppen hindrast ved å fjerne den infiserte greina så fort som mogleg etter at gulning og visning viser seg. Heile den aktuelle hovudgreina bør da fjernast, for å vere på den sikre sida.

Felling og fjerning av smitta tre
Svekka almetre (t.d. på grunn av tørke) er mest utsette for smitte. Svekka tre tiltrekk seg barkebilla, som legg egg under barken. Nyleg daude eller døyande tre fungerer derfor som ynglekammer for billene, og bør derfor fjernast der det er praktisk mogleg å kome til. Ved felling må så lite som mogleg av stubben bli ståande. Dersom treet blir liggande med borken på, vil det framleis fungere som ynglekammer for barkebiller. Eit felt tre må derfor behandlast på ein av desse måtane:

  • All bork fjernast, og brennast. Treet kan da bli liggande, eller det kan fjernast og brukast til ved eller trevirke.
  • Treet brennast på staden, eller flyttast til næraste areal der brenning kan gjennomførast forsvarleg.
  • Treet kan flisast opp med flishoggar. Da blir tre- og barkbitar for små til å kunne fungere som ynglekammer.
  • Trestammen med bork kan leggast i vatn i eit år. Da døyr både sopp og billelarvar. Almevirket kan brukast etterpå.

Greiner med bork kan også ha billelarvar, og greiner og biter av greiner må derfor også fjernast og brennast.

Den beste tida for felling av smitta tre er om hausten. Da har symptoma på almesjuke vore synlege gjennom sommaren, og billene er ikkje lenger aktive. 

Tre som har vore daude i 2-3 år, er for tørre til at billene kan bruke dei som ynglekammer. Slike tre utgjer ikkje lenger nokon smittefare, og treng ikkje fjernast.


Transport av almeved har truleg vore ein viktig smitteveg i Sogn
Dersom ein vil bruke almevirke til ved eller anna, må borken fjernast. Om ein høgg alm til ved utpå vinteren og lagrar den i vedboden, vil eventuelle billelarvar under borken kunne utvikle seg, og billene sverme når temperature er passande utpå forsommaren. 

Enda verre er det om almeved med bork blir flytta frå infiserte område og til andre delar av fylket. Også då vil vedkubbane fungere som potensielle ynglekammer og smittespreiarar. Ein bør unngå å bruke alm til vedhogst i åra som kjem, om ein ikkje fjernar borken frå vedkubbane og brenn eller flishøgg den. 

Desinfisering av utstyr

Dersom ein har kutta eller saga i greiner for å sjekke etter symptom eller fjerne smitta greiner, er det viktig at utstyret blir desinfisert for å unngå spreiing av smitte. Spraying  eller vask med 70% sprit er enkelt og effektivt, men spriten må få verke ei stund (10-15 minutt)

Informasjonsmøte om handlingsplanen mot almesjuke