Dette er talen som vart helde ved utdeling av pris.
”Årets bedrift i Luster i 2025”
Årets bedrift 2025 - Bergum Anleggsteknikk AS
Luster kommune
Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg tilskiping på Lustramarknaden. I 2025 er det 35. gongen denne utmerkinga vert delt ut.
Det er formannskapet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.
I statuttane for tildelinga står det mellom anna:
«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking.
Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»
I 2025 går prisen til eit relativt nytt føretak. Verksemda har utvikla seg godt gjennom vel fire åra sidan det vart registrert som aksjeselskap 1.1.2021. Gründeren har vore i bransjen lenger enn dette, og saman med gjengen sin tek dei på seg oppdrag over heile landet, ofte oppdrag som ikkje kven som helst andre vil ta på seg. Årets bedrift i 2025 er Bergum Anleggsteknikk AS. Eg vil be eigar Øystein Bergum og gjengen hans om å komme fram.
Kvifor har så Bergum Anleggsteknikk fått denne utmerkinga:
Øystein Bergum har vore i anleggsbransjen sidan 2011, og har utdanning både som bilmekanikar og teknisk fagskule innan bygg og anlegg. Parallelt med annan jobb byrja han med eit enkeltpersonsføretak i 2015, og dreiv dette på heiltid frå 2020. Dette vart så raskt erstatta med etableringa av Bergum Anleggsteknikk AS.
Verksemda har vakse og dei er no 5 tilsette, har hatt med seg utplasseringselevar i år og ynskjer å få med seg ein lærling til neste år. Førebels har dei base på garden til Øystein på Joranger. Dette er likevel berre mellombels, dei har sikra seg tomt på Røneidsgrandane og planlegg eit nybygg for vel 8 mill.kr.
Det er ikkje alle verksemder som er klare for slike investeringar nokre få år inn i si levetid, og det er med på å underbygge at Øystein og hans tilsette har treft ei god nisje, bygt eit godt renommé og får jobbar som skapar verdiar, arbeidsplassar og aktivitet. Eg har til og med forstått at aktiviteten er såpass god at de har vore nøydde til å skubbe eigne byggjeplanar litt ut i tid for å prioritere kundane.
Og kven er då desse kundane? Jo, nisjen i anleggsbransjen som Bergum Anleggsteknikk AS siktar seg inn mot er knytt til kraftanlegg, både nybygg, rehabilitering, tilkomst, spesialarbeid i fjelltunnelar og andre tenester som er utanom det vanlege. For meg høyrest det ut til at arbeidsdagen kan vere krevjande, og at det kan bli både mørkt og trangt i arbeidet.
Då Bergum Anleggsteknikk AS i haust vart nominert som årets nykomar, ein næringslivspris som vert delt ut på ein næringskonferanse i Flåm kvart år, så vart Øystein stilt spørsmålet frå Sogn Avis om det stemmer at dei steppar inn der andre må gje opp, og då svara han at i somme tilfelle ja. Døme som då vart nemnt var tilsyn med eit fôringsrøyr i ei sjakt i Sunndal. Det høyrest absolutt ikkje ut som noko som er for kven som helst nei.
Øystein understrekar at det beste med verksemda er at dei er ein kjekk gjeng med gode folk som har det kjekt på arbeid. Som han seier – då er det kjekt å driva selskapet og. Dette understreka han også då eg tok kontakt med han for å fortelje at dei var blitt årets bedrift, og at eg håpa at han kunne vere på Lustramarknaden denne laurdagen. Det kunne han, men han ville også ha flest mogleg av dei tilsette med seg, for det var dei saman som gav grunnlag for at verksemda vart ein suksess.
Bergum Anleggsteknikk AS er altså ei ung verksemd, med ein ung arbeidsstokk som er klar for å utvikle seg vidare. Me ser fram til å sjå verksemda utvikle seg og bygget dykkar på Røneidsgrandane etter kvart røyse seg.
Til lukke med utmerkinga som Årets bedrift 2025 og lukke til med arbeidet framover.
Ordførar Andreas Wollnick Wiese