Årets lustring 2025

I år går prisen til to Ove som kvar på sin måte har gjort og gjer ein umåteleg stor innsats for folkehelsa, idretten og tryggleiken i Luster.

Årets Lustring 2025 - Ove Midtbø og Ove Fortun - Klikk for stort bileteÅrets Lustring 2025 - Ove Midtbø og Ove Fortun (far hans Anders Fortun tok imot prisen på hans vegne) Luster kommune

Dette er talen som vart helde ved utdeling av pris.

Årets lustring 2025

I invitasjonen til å kome med framlegg til årets lustring 2025 stod det:

Årets lustring er ein heiderstittel som skal gå til «ein person, lag eller organisasjon heimehøyrande i Luster kommune som gjennom sitt virke har utgjort ein ekstraordinær positiv skilnad for kommunen.»

Årets Lustring er ein pris som går til nokon som har gjort noko ekstraordinært siste året, eller nokon som har gjort seg fortent til prisen gjennom mange års innsats.

For juryen, beståande av underteikna som ordførar, Linda Øvregard Røhme, Jermund Molland og Ole Gunnar Krakhellen har dette ikkje vore noko enkel jobb. Mange gode innspel kom inn, og det er mange verdige mottakarar av denne prisen.

Når juryen jobba gjennom forslaga vart det eit tema som peika seg ut for årets pris, og det er folkehelse i brei forstand. Vi ønskjer å leve gode, aktive og trygge liv i Luster. Då må vi få gode vanar for aktivitet frå barnsbein av, og det må leggast til rette for at vi kan velje aktivitet framfor sofaen gjennom heile året.

Alle som er samla her veit at det er mange ulike personar som gjer ein slik innsats kvar dag, og ved å løfte fram nokon så er det også å løfte dei fram som døma på det som vert gjort av så mange.

I 2012 kom det ut ei bok frå den svenske forfattaren Fredrik Backman med tittelen «En mann ved navn Ove», og eg kan no avsløre at juryen faktisk landa på namnet Ove ved tildeling av årets Lustring, men i originalitetens namn har vi gått for to menn ved namn Ove, og gjev i år prisen til to Ove som kvar på sin måte har gjort og gjer ein umåteleg stor innsats for folkehelsa, idretten og tryggleiken i Luster.

Eg vil be Ove-ane Ove Midtbø og Ove Fortun (far hans Anders Fortun tok imot prisen på hans vegne) om å kome fram på scena, så skal eg lese juryen sine grunngjevingar:

Grunngjeving for Ove Midtbø

I februar 2025 vart Ove æresmedlem i Hafslo Idrettslag, eit lag der han har vore leiar sidan 2017 og han trødde til når det vart vanskeleg å finne nokon som ville ta på seg vervet, og valnemnda var først tilbakehaldne på å spørje Ove, han hadde så mykje anna på seg. Ove er også leiar i Luster Idrettsråd og ein pådrivar for større samarbeid mellom idrettslaga i kommunen. Dette har mellom anna synt seg gjennom samarbeidslaget Hafslo/Bjørn/Fanaråk.

I Sogn Avis-artikkelen om æresmedlemskapet så kjem det fram at Ove Midtbø er ein mann som helst ikkje vil ha skryt og merksemd på eigen person. Han vil heller løfte fram andre sin innsats. Juryen for Årets Lustring vil gjere det motsette, løfte fram Ove Midtbø som døme på at for å få frivilligheita til å gå rundt så må det vere nokon som tar leiarverva, som dreg i trådane for at alt skal gå rundt, og borna våre skal få gode vanar som dei tek med seg i aktive og gode liv i Luster.

Grunngjeving for Ove Fortun

Også denne Ove er eit kjent namn for dei fleste. Årets Sogning i 2023, og den mannen i Luster som kan seiast, med positivt forteikn å ha flest liv på samvitet. Både gjennom arbeidslivet i ambulansetenesta, men ikkje minst gjennom arbeidet med hjartestartargruppene i Luster, førstehjelp og Luster Røde Kors Hjelpekorps. Denne innsatsen har redda liv, og hjartestartargruppene i Luster vert ofte løfta fram langt utanfor kommunen som døme på at den viktigaste hjelpa i naudstilfelle er den nærmaste, og det er ikkje alltid ambulansen.

Som om ikkje jobben med å halde oss trygge både i heimen og i fjellet har vore nok, så har Ove bidrege med mange timar i trakkemaskina med løypekøyring for at vi lustringar skal kunne kome oss ut og utfalde friluftsinteressene med ski på beina i flotte løyper i lustrafjella. Heller ikkje Ove Fortun gjer jobben aleine, men han går føre med eit smittsomt engasjement som får folk med seg.

Så Årets Lustring 2025 er altså to menn ved namn Ove, som på ulikt vis går føre og legg til rette for folkehelsa i Luster. Dei syner viktigheita av leiarskap, dugnadsånd og engasjement. Då vert det lettare for andre å følgje i deira eksempel. 

Til lukke med prisen til dykk begge!

Ordførar Andreas Wollnick Wiese