Lars Olav Halleråker – Årets Lustring 2026
Lars Olav Halleråker – Årets Lustring 2026Luster kommune er heldig som har mange som gjer ein stor og verdifull innsats for at alle skal trivast i kommunen vår. Dei legg ned utallige timar både gjennom arbeidet sitt og gjennom frivillig innsats for fellesskapet, og for at alle skal kjenne seg inkluderte og velkomne. Difor er det heller ikkje enkelt å peike ut éin person når Årets Lustring 2026 skal kårast. Også i år har juryen fått inn mange gode framlegg og hatt mange sterke kandidatar å velje mellom.
Luster kommune har hatt mange tilflyttarar dei siste åra, og hadde ifølgje SSB 5 478 innbyggjarar ved utgangen av fjerde kvartal 2025.
Den som vert kåra til Årets Lustring 2026, er ein tilflyttar. Han har ikkje budd her lenge nok til å leggje om til sognamål, og kjem truleg aldri til å gjere det heller. Men sidan den dagen han kom til Luster kommune, har han med si positive innstilling engasjert seg for fellesskapet og bidrege til utvikling, aktivitet og trivsel. Han har lagt til rette for at mange born, unge og vaksne kan vere aktive i Luster kommune.
Juryen kan røpe så mykje som at denne personen bur på Hafslo, arbeider som lærar ved vidaregåande skule i Sogndal og har ein stor interesse for ski. Han er oppteken av at alle skal få vere med – born og unge frå heile kommunen. Sjølv om han ofte står bak organiseringa, stiller han alltid opp sjølv og brukar det meste av fritida si – og vel så det – på aktivitetar, styrearbeid, dugnader og anna frivillig arbeid til beste for fellesskapet.
Han skapar engasjement rundt seg gjennom haldningane sine og måten han møter folk på. Han ser alle, er alltid positiv, fagleg dyktig og svært oppteken av å leggje til rette for at alle kan delta i aktivitetane han engasjerer seg i.
Juryen har leita litt i arkiva etter spor av den imponerandeinnsatsen han har lagt ned sidan han kom til Luster kommune, og har funne mellom anna dette:
• 2017–d.d.: Varamedlem i styret i Sogn Skisenter frå 2017, seinare styremedlem.
• 2019–d.d.: Ansvarleg for alpint- og friskitreningane ved Sogn Skisenter.
• 2022–d.d.: Leiar for alpint- og friskigruppa i Hafslo IL.
Han har òg vore medlem i Lerum Cup-nemnda i Hafslo IL sidan 2024, og hatt fleire andre verv i ulike undergrupper og lag i same periode.
Då Lars Olav overtok ansvaret for alpint- og friskitreninganeved skisenteret i 2019, var dette ei gruppe med få deltakararog avgrensa aktivitet. Han organiserte eit godt treningsopplegg og utarbeidde ein tydeleg plan for vidare utvikling. Deltakartalet auka gradvis, og etter to år talde gruppa om lag 40 deltakarar. I sesongen 2022/23 var talet auka til om lag 100 deltakarar, medan det i sesongen 2025/26 har vore opp mot 160 deltakarar frå heile Luster kommune.
I same periode har Lars Olav fått med seg rundt 20 vaksnemedhjelparar og rekruttert fleire ungdomar som instruktørar. Dette er svært imponerande, ikkje minst med tanke på deiutfordrande snøtilhøva og vintersesongane Sogn Skisenter har hatt dei siste åra.
I årsmeldinga frå alpint- og friskigruppa for 2023 stod det mellom anna:
«Det vi driv med er ein viktig arena for å skape miljø på tvers av lag og grender i og utanfor kommunen. Så langt har vi hatt med utøvarar frå Hafslo, Solvorn, Indre Hafslo, Gaupne, Jostedalen, Skjolden, Fortun og Sogndal. På grunn av dette arbeider vi med inkluderande og motiverande tiltak, mellom anna ulike produkt med skilogo til alle utøvarane. Dette ønskjer vi å gjere for å inkludere og skape engasjement, og difor er det produkt som utøvarane ikkje skal betale for.»
Alpint- og friskigruppa, med Lars Olav i spissen, har verkeleglukkast med å skape eit godt miljø på tvers av bygder, lag og kommunegrenser. Fokus har heile tida vore på inkludering, engasjement og vidareutvikling av tilbodet. Det har voreviktig å halde terskelen låg, slik at alle kan vere med utan at kostnadene vert for store. Mellom anna har gruppa tilbydd gratis utlån av ski til dei som treng det.
Det er ganske unikt å samle opp mot 150 born og unge frå 1. til 10. klasse frå heile kommunen til regelmessige alpint- og friskitreningar gjennom vintersesongen. Statistikken syner faktisk at alpint- og friskigruppa på Hafslo, målt opp mot folketalet, er den suverent største alpine skiklubben i Noreg på 2000-talet.
Gjennom sitt leiarskap, sitt sterke engasjement, si dugnadsånd og si positive innstilling har Lars Olav skapt eit unikt miljø, eitviktig samlingspunkt og eit verdifullt folkehelsetiltak for svært mange born, unge og vaksne i Luster kommune.
Juryen meiner difor at Lars Olav Halleråker er ein særs verdig mottakar av prisen som Årets Lustring 2026.
Til lukke med ein svært velfortent pris!