Årleg øving HV 11207 2026
HV 11207 (Luster og Sogndal) har årleg trening frå 13. september til 20. september Me skal gjennomføra feltøving 17. - 18.
Eit av oppdraga me har fått er å patruljera vegaksane Sognefjell - Sogndal, Hella - Mannheller og Sogndal Fjærland. Desse vegaksane vert patruljerte av uniformert personell i sivile køyretøy. Me har og faste objektsikringsoppdrag som me skal trena på.
Under feltøvinga vil det bli trena med lausammunisjon i bebygd område (Gamlestova barnehage på Hafslo), dette vert koordinert med Politiet.
Det er lagt opp til skyting på Skytebana på Hillestadstølen under heile treninga. Desse områda er å rekna som militært område når me er til stades.
Om de har tid og lyst er de hjarteleg velkomne til skytebana på Hillestadstølen for ein prat, me har både kaffi og twist :)