Mange trur at det automatisk er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.
Ørjan Talle
Grunneigar pliktar å halda gjerda sine sjølv om han ikkje har beitedyr sjølv lenger.
For dei som ynskjer å unngå beitedyr på eigen eigedom, er det difor viktig å sørgja for at gjerder og grindar er i god stand gjennom heile beitesesongen.
Beitedyr er ein viktig ressurs for kulturlandskapet vårt. Dei bidreg til å halde landskapet ope, tek vare på biologisk mangfald og er ein sentral del av matproduksjonen og landbruket i kommunen.
Me ynskjer å oppmode til godt samarbeid, god dialog og gjensidig forståing mellom bønder, grunneigarar og naboar.
Samstundes oppmodar me alle grunneigarar til å ta ein gjennomgang av utmarksgjerda sine før beitesesongen er i full gang. Godt vedlikehaldne gjerde bidreg til eit godt naboskap – til beste for alle.