UK er eit rådgjevande organ for kommunen i saker som gjeld barn og ungdom i alderen 13-19 år. Det er til dømes skule, kultur og fritidstilbod, helse- og omsorgstilbod, samferdsle, trafikktryggleik, folkehelse, kommuneplan, reguleringsplanar og budsjettarbeid.
UK i Luster har 3 medlemer frå Hafslo barne- og ungdomsskule, 3 medlemer frå Luster ungdomsskule, 4 medlemer frå Sogndal vidaregåande skule, 1 medlem frå 4H, 1 medlem frå idrettsrådet. Kvart politiske parti har rett til 1 medlem. Kommunestyret har ein observatør med tale og forslagsrett. I tillegg er det varamedlemer frå alle.
UK har rett til møtegodtgjersle etter satsar vedteke av kommunestyret. Dei har møta sine på rådhuset.
Skulane og organisasjonane skal nominere sine kandidatar innan 10. september. Kommunestyret gjer det formelle valet av UK i oktober/november 2025. Då blir medlemer og varamedlemer valde for 2 år. Representantane kan veljast frå 8 kl. til og med siste året som lærling/vidaregåande. Medlemane kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.
Etter at medlemane er valde, blir dei innkalla til møte der dei sjølve vel leiar, nestleiar og eit arbeidsutval.
Viss du er interessert i å vere med i UK, er i alderen 13-19 år, meld di interesse på skulen/organisasjonen som har rett til å kome med forslag på kandidatar. Du kan også kontakte kommunen v/Anita Bjørk Ruud som kan formidle interessa di vidare.