Blomsternedlegging

Onsdag 2. september kl. 10.45 blir det opna for blomsternedlegging i amfiet i rådhusparken i Gaupne.

Ordførar og fleire folkevalde vil delta. Alle som ynskjer er velkomne til å vere til stades og legge ned blomar og helsingar for å heidre Hans Majestet Kong Harald V.

Det er også høve til å skrive helsing i sørgeprotokoll på rådhuset.