Bu og besøk Skjolden

Luster kommune inviterar innbyggjarar i Skjolden og Fortun til arbeidsverkstad på Fjordstova onsdag 28. oktober kl. 18.00-20.30. 

Ein fin stad å bu, er også ein fin stad å besøke. Eit berekraftig reisemål gagnar både fastbuande og gjestar. For å følgje opp «Moglegheitstudie for Sognefjorden» og «Innbyggjarundersøking i Luster» ønskjer Luster kommune å samle flest mogleg innbyggjarar i Skjolden og Fortun for  å få fram ulike innspel og meiningar om kva som gjer bygdene til ein god plass å bu og besøke og korleis reiselivet kan bidrag til det lokalsamfunnet vi ønsker oss. (Korleis ønskjer vi å ta imot besøkande, kva ønskjer vi å dele med dei, kva vil vi halde for oss sjølv og kva forventningar har vi til dei som kjem?

Innspela vil vere viktige i Luster kommune sitt vidare besøksforvaltning av området, og me håpar og at  arbeidsverkstaden kan bidra konstruktivt inn i arbeidet med rullering av samfunnsdelen av kommuneplanen.

28. oktober vert den første av fleire arbeidsverkstader fram mot sumar 2027. På desse kveldane ønskjer me å få betre innsikt i og auke forståinga for dagens situasjon og problem, og å få fram forslag til løysingar som kan prøvast ut i praksis. Denne dagen har me fått med oss Vestland fylkeskommunesitt prosjekt om besøksforvaltning som vil bidra til gjennomføringa av arbeidsverkstaden.

Dato for dei andre arbeidsverkstadene er ikkje sett enno. Me håpar du vil kome på fleire arbeidsverkstader for å få best mogleg kontinuitet og framdrift!

Påmelding til post@luster.kommune.no innan 25.oktober.