Tomtene ligg på Bruflat–Grandmo i Gaupne med kort avstand til skule, butikk og sentrum.
Ørjan Talle
Tomtane er klare for bygging og ligg i eit attraktivt område med gode moglegheiter for deg som ønskjer å etablere deg i kommunen.
Tomteprisar
Tomtane vert i utgangspunktet lyst ut mot sjølvbyggarmarknaden. Byggefirma kan søkje, men private husbyggjarar vil bli prioriterte dersom det er søknad på same tomt.
Tomtane vert tildelte etter reglar for tildeling av tomt i kommunale byggjefelt, vedtekne i Luster kommunestyre 24. september 2015 (sak 57/15).
Plassering, høgde og utforming av bygningane er regulert gjennom byggjegrenser i plankartet og føresegner i reguleringsplanen.
Dei som får tildelt tomt må starte byggjearbeid innan eitt år etter tildeling. Tomtesøkjarane vil bli informerte om tidspunkt for eventuell loddtrekning.
Kostnader til tilknytingsavgift for vatn og avløp, oppmåling og tinglysing kjem i tillegg til tomteprisen.
Søknadsfrist 28. mai
Meir informasjon, tomteoversikt og lenkje til elektronisk søknadsskjema finn du ved å følgje denne lenka.
Bustadfeltet Bruflat- Grandmo
Ørjan Talle
