På Sogn Folkemuseum – De Heibergske Samlinger finst det ei rådgjevarteneste som eigarar av gamle og verneverdige bygg kan kontakte for råd og rettleiing.
Tenesta, som er delfinansiert av Vestland fylkeskommune, er ei gratis fyrstegongs rådgjeving som kan nyttast for å kome i gang med prosessen.
Har du til dømes spørsmål om metodar for god antikvarisk istandsetjing? Ønskjer du å søkje økonomisk stønad til prosjektet du skal starte opp, og treng hjelp med søknad eller med informasjon om ulike stønadsordningar? Treng du råd om vedlikehald og overflatebehandling?
Bygningsvernrådgjevar Joakim Heltne ved Sogn Folkemuseum kan kontaktast på e-post: joahel@misf.no
Legg gjerne ved nokre bilete og det du evt. har av historisk informasjon om bygningane.