Lærar Katrine Henden Nondal, primus motor i arbeidsgruppa, framfor tavle med dagsplan; eit verktøy for å strukturere skuledagen for elevane.Godkjenninga stadfestar at Hafslo barne- og ungdomsskule driv eit systematisk og målretta arbeid for å sikre god tilrettelegging for elevar med dysleksi og andre språkvanskar.
Skulen har mellom anna gjennomført opplæring for alle tilsette om dysleksi og bruk av hjelpemiddel, etablert felles pedagogiske rutinar og utarbeidd klare planar for kartlegging og oppfølging. Elevane får tryggleik gjennom tydelege rettar, tilgang på digitale verktøy som Lingdys og lydbøker og nyttar dessutan vurderingsformer som gjev elevane moglegheit for å vise kompetanse på ulike måtar.
I godkjenningsrapporten frå Dysleksi Norge vert det peika på god arbeidsro, varierte undervisningsformer og naturleg bruk av digitale hjelpemiddel i undervisninga. Rapporten slår fast at skulen har utvikla ein praksis som er godt forankra i leiing og kollegium og at det er eit tett samarbeid med PP-tenesta.
Rektor Hilde Holte Selland, inspektør Kari Merete Henjum og rådgjevar Aslaug Øydvin er nøgde: «Denne godkjenninga er eit viktig steg i arbeidet med å skape ein inkluderande skulekvardag der alle elevar får høve til å meistre og utvikle seg. Ein inkluderande skule er noko som må skapast kvar einaste dag.»
Skuleleiinga vil trekke fram læraren Katrine Henden Nondal som eldsjel for dette arbeidet. Ho har gjennom sitt engasjement for tilrettelagt opplæring vore ein svært viktig del av prosessen med at skulen vår no er vorten sertifisert som dysleksivennleg skule.
«Her har Hafslo barne- og ungdomsskule gjort eit godt stykke arbeid», seier kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen, «Å få utnemninga dysleksivennleg skule er ikkje kvardagskost. Det krev dedikasjon og målretta jobbing over tid. I gamle Sogn og Fjordane er det berre Farnes skule i Årdal, Trudvang skule i Sogndal, Feios skule i Vik og Slåtten skule i Sunnfjord som har denne godkjenninga.
Mange barn og unge strevar med lese- og skrivevanskar, og skulane må arbeide systematisk både med tanke på kartlegging og god tilrettelegging. Dette har vore eit fokus for skulane over fleire år. No er me ekstra stolte av innsatsen til Hafslo, og tenkjer at dette kan vere til inspirasjon for resten av Lustraskulen.»
Oversikt over dysleksivennleg skular