Ellen har vore konstituert rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter halve dette året. Konstitueringa er no forlenga.
På grunn av ombygging av barnehagen vil dei eldste elevane på 6. og 7. trinn vere elevar ved Luster oppvekstsenter det komande skuleåret.
Ellen Havellen er konstituert ut neste skule/barnehageår, 2025 - 2026. Ho gler seg til å ta fatt på eit nytt barnehage- og skuleår: «Eg tenkjer det blir eit bra år. Det vil naturlegvis vere litt uvanleg at dei eldste elevane ikkje er her. Ombygginga blir spennande. Det er eit kjempeløft for barnehagedrifta her, både med tanke på barna og for personalet.
Me har engasjerte foreldre i Skjolden, no seinast har det vore eit flott samarbeid med dugnad om uteområdet for barnehagen med både nytt fargerikt gjerde og såing av plen.
Me ser fram til å gå i gang igjen etter sommarferien. Personalet som blir her neste år er godt kjende med kvarandre. I tillegg får me også nokre nye kollegaer.»