
Den nye røykelova frå 1. januar 2026 innfører røykeforbod på leikeplassar og utandørs idrettsområde der allmenta har tilgang. Forbodet gjeld både vanlege tobakksvarer og e-sigarettar/vape.
Røykeforbodet gjeld òg når idrettsområda vert nytta til andre arrangement som konsertar og markeringar. Parkar, byrom og fleirbruks-friluftsområde er ikkje omfatta. Det er eigar eller drivar av området som har ansvar for handheving, og det skal setjast opp tydelege skilt der det kan vere tvil.
For meir informasjon sjå Helsedirektoratet.