Ferdselsforbod på Skjeret - Luster kommune

Ferdselsforbod på Skjeret

For å ta vare på fuglelivet er det ferdselsforbod på Skjeret mellom 1. april og 1. august - me oppmodar alle om å respektere dette!

Skjeret i Luster er ein veldig viktig plass for fuglelivet i Luster. Hit kjem mange raudlista fugleartar for å hekke på denne tida av året. Det er og fleire artar som nyttar Skjeret som raste- og kvileplass resten av året. På skjeret er det lite rovdyr, slik at det er tryggare å lage reir på bakken. Det er og mindre forstyrring frå menneske. 

Både lydar frå menneske og trakk kan forstyrre og stresse fuglane som ligg på reir. Når dei vaksne fuglane blir stressa og redde, og flyg vekk, vert egg og ungar utsette for rovfugl.  Også bølgjer frå båtar kan skylle reir med egg eller ungar på hav, og øydeleggje hekkinga.  Å ta vare på leveområda til fuglane, er med på å hjelpe artane til å overleve.  

Ferdselsforbodet gjeld og i ei sone 50 m ut frå frå Skjeret. Det er heller ikkje lov å køyre motorbåt mellom Skjeret og badeplassen i denne perioden.  

Er du nysgjerrig på kva fuglar som held til på Skjeret? Ta med kikkerten til badeplassen, vær roleg og lag lite lyd, og studer fuglane på avstand. Kanskje ser du ein av desse?

Artar som hekkar på Skjeret: 

Fiskemåke - Klikk for stort bilete

Fiskemåke/Larus canus (VU)
Liten måkeart som oftast overvintrar ved Nordsjøen. Fiskemåka har svarte vingespisser med ein kvit flekk, og gul/grå/grønne bein.  

Makrellterne - Klikk for stort bilete

Makrellterne/Sterna hirundo (EN) Måkefugl som overvintrar i sør- og vest- Afrika, og er kjenneteikna av raudt nebb og svart hette. Makrellterna et gjerne stingsild og sil. 

Tjeld - Klikk for stort bilete

Tjeld/Haematopus ostralegus (NT) Ein vadefugl som et mykje sneglar, muslingar, børstemark og krepsdyr. Tjelden som hekkar i Noreg, overvintrar oftast langs vestkysten av Europa. 

Grågås og svartbak hekkar og på Skjeret, også livskraftige bestandar av fugl skal ha fred i hekketida. 

 Nokre andre artar som kviler eller et ved Skjeret

Storspove/ Numenius arquata, (EN)  

Storskarv/Phalacrocorax carbo (NT)