Førhandsrøysting

Ynskjer du å førehandsrøyste til stortings- og sametingsvalet? Då kan du gjere det i perioden måndag 11. august til fredag 5. september.

Korleis og kvar kan du førehandsrøyste?

Du kan førehandsrøyste på ulike stader i kommunen:

  • På rådhuset
  • Ute i bygdene
  • På institusjonar
  • Heime, dersom du ikkje har høve til å kome deg til eit røystelokale

Tilbodet om førehandsrøysting gjer det enklare for deg å bruke røysteretten – anten du er bortreist på valdagen, har trong for tilrettelagt røysting eller berre ønskjer å vere tidleg ute.

Hugs legitimasjon

Når du møter opp for å førehandsrøyste, må du ta med gyldig legitimasjon

Du finn meir informasjon om førehandsrøysting, opningstider og stader der du kan røyste her.