Kva er forsøpling?
Avfall er stoff, gjenstandar eller materiale som nokon har kasta, har til hensikt å kaste, eller er forplikta til å kvitte seg med.
Forsøpling kan være villfyllingar med hageavfall og anna avfall, men det kan også være ulovleg lagring av brukte gjenstandar, for eksempel bilvrak på eigen eigedom.
Plastavfall, som til dømes rundballeplast, er definert som ureining og skal alltid leverast til eit godkjent mottak.
Kjøp og sal av kasserte køyretøy er også ulovleg. Kasserte køyretøy er definert som avfall og skal leverast til godkjent mottak.
Kort sagt:
Forsøpling = avfall på feil stad
Alle har eit ansvar for ein rein og triveleg bygd
Forbod mot forsøpling er regulert i forurensningsloven § 28. Der står det at “Ingen må lagre eller handtere avfall slik at det kan virke skjemmande eller være til skade eller ulempe for miljøet.”
Du har ansvar for orden og halde det ryddig rundt dine avfallsbehaldarar.
Kven har ansvaret?
Grunneigar har alltid ansvar for å sørge for å unngå forsøpling på eigedomen sin.
Ved funn av forsøpling vil dei ansvarlege få pålegg om opprydding etter ureiningslova § 37.
Kommunen har ansvaret for forsøpling i parkar/friområde.
Vegeigar har ansvaret for forsøpling langs vegar. Dette kan være kommunen, fylkeskommunen eller privateigar.
Viss du oppdagar forsøpling, kan du melde frå til kommunen.
Andre juridiske verkemidlar
Viss ikkje pålegg blir oppfylt, har kommunen heimel til å nytte meir inngripande juridiske verkemidlar. Dette kan være å nytte tvangsmulkt, eller at kommunen tek ansvar for opprydding på grunneigars eller den ansvarlege for forsøplinga si rekning. Sistnemnte heimel nyttast som regel berre viss oppryddinga hastar.
Det bør òg understrekast at grunneigaren kan bli halden ansvarleg for opprydding, sjølv om vedkomande ikkje har forårsaka forsøplinga.
I meir alvorlege tilfelle kan saka gå vidare til politiet. I slike tilfelle må den ansvarlege ha utvist skyld. Det vil sei at den ansvarlege må ha visst om at aktiviteten har eller kan føre til ureining.
Dette kan t.d. være villfyllingar og ulovleg handtering av spesialavfall eller bruk av avfall/spesialavfall, dumping av rundballeplast i elv og kasserte køyretøy som fyllmassar eller brenning av avfall som bryt med lokal forskrift.