Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan og bygningslova § 12-12.
Kommunen takkar for bidrag i planprosessen.
Les meir om endringane som vart gjort etter høyring og offentleg ettersyn her.
Det vert understreka at den delen som no ikkje vart vedteken, vert sendt ut til nytt offentleg ettersyn grunna behov for betre høyringsprosess rundt etablering av eit eventuelt datasenter på Gaupnegrandane.
Saksdokument
Plandokumenta slik dei vart vedtekne er tilgjengeleg gjennom Luster kommune si digitale innsynsløysing, og på arealplaner.no.
Dersom du har spørsmål eller treng hjelp kan du kontakte arealplanleggar Nikolai Weum-Andersen på epost nikolai.hoelgaard.weum-andersen@luster.kommune.no eller telefon 416 68 639.
Eventuelle klagar
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 03.08.2026.
Eventuell klage skal merkast med planID og sendast til post@luster.kommune.no eller per brev til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne.