God badevasskvalitetBadevasskvaliteten vart målt 11. og 25. juni 2026 ved fire offentlege badeplassar; Luster, Skjolden, Høyheimsvik og Solvorn. Målingane er innanfor akseptabelt område.Bakgrunnsinformasjon:Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøver.Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gitt i tabellen under: Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ParameterGodMindre godIkkje akseptabelTermotolerante koliforme bakterier/100 ml< 100100-1000,"> 1000Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml< 100100-1000,"> 1000 Følgjande resultat frå målingane 11. og 25.juni 2026: resultatDato/Stad11.06(1)11.06(2)25.06(1)25.06(2)Kvalitet ved sist målingSkjolden31<1010<10GodLuster101010<10GodHøyheimsvik<1010<10<10GodSolvorn<10<10<10<10God Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar)