Sognamaol – med dreisen på norsk spraok og lokal nettverksbygging
Luster vaksenopplæring startar våren 2026 opp eit nytt og styrka norskkurs retta mot innvandrarar i kommunen som ønskjer å utvikle norskferdigheitene sine og kome nærare arbeidslivet. Kurset er finansiert med tilskot frå IMDi og er ope for deltakarar utan rett på gratis norskopplæring.
Kven kan delta?
Kurset er særleg retta mot:
- Vaksne innvandrarar generelt
- Arbeidsinnvandrarar
- Flyktningar utan rettar til gratis opplæring i norsk
Mål for kurset
Målet er å styrke norskkompetansen slik at deltakarane blir betre rusta til å delta i norsk arbeidsliv. Kurset har som ambisjon at deltakarane skal utvikle seg mot B1-nivå i alle ferdigheiter, og at fleire kan gå vidare til ordinært arbeid, praksis, eller inkluderingsstillingar.
Kurset vil bestå av
- opplæring i norsk på grupper etter nivå
- jobbsøkjarkurs
- bedriftsbesøk
- økonomikurs på norsk
- tilgang til digitale språklæringsressursar
- moglegheit for arbeidspraksis med tett oppfølging
Slik er kurset organisert
Kvart kurs varer i 10-12 veker, og veka er bygd opp slik:
- Tre dagar norskopplæring i nivådelte grupper
- Éin dag med arbeidsretta aktivitetar, leia av NAV og flyktningtenesta (CV, jobbsøknader, intervjuøving, digitale løysingar, økonomiopplæring m.m.), med moglegheit for morsmålsstøtte
- Éin dag praksis eller digitalt sjølvstudie etter kartlegging av interesser og behov
Tett oppfølging og individuell tilpassing
Alle deltakarar vert kartlagde før oppstart for å sikre rett nivå og realistiske mål.
Opplæringa blir variert, praktisk og tilpassa progresjonen til kvar enkelt. Dei som er i praksis får tett oppfølging både på arbeidsplassen og på skulen.
Vil du vite meir?
For meir informasjon om kurset, ta kontakt med:
Linda Kristin Brunborg, rektor ved Luster vaksenopplæring
linda.kristin.brunborg@luster.kommune.no
tlf: 474 47 113
Påmelding til kurset - skjema