Gratis transport - frist

Skal du besøkje utstillinga «Den trygge boligen» på Pyramiden i Gaupne 28.–30. oktober? Frist for å bestille gratis transport er fredag 23. oktober.

Frå 28. til 30. oktober 2026 kan du besøkje utstillinga «Den trygge boligen» på Pyramiden. Her får du enkle og nyttige råd om korleis du kan gjere bustaden og kvardagen tryggare.

På utstillinga kan du mellom anna lære meir om:

  • korleis du kan førebyggje fall
  • branntryggleik i bustaden
  • små tiltak som gjer kvardagen tryggare
  • korleis du kan bu trygt heime lengst mogleg

Du kan også møte fagfolk frå Luster kommune og Sogn brann og redning, som kan svare på spørsmål og gi gode råd.

Tid og stad

Stad: Pyramiden
Dato: 28.–30. oktober 2026

Opningstider

  • Onsdag 28. oktober: kl. 11.00–15.00
  • Torsdag 29. oktober: kl. 11.00–17.00
  • Fredag 30. oktober: kl. 11.00–15.00

Utstillinga er gratis og open for alle. Du treng ikkje melde deg på.

Gratis transport

Luster Sparebank sponsar gratis transport til og frå utstillinga.

Bestill transport på telefon 57 68 55 00 (kl. 10.00 - 14.00) eller epost post@luster.kommune.no innan fredag 23. oktober.

 

Sivilforsvaret og eltilsynet kjem også til utstillinga for å gi råd om tryggleik og beredskap.

 

Velkomen innom

Kom innom for ein hyggeleg prat og få konkrete råd om korleis små grep kan gi større tryggleik i heimen.

Tryggare heim, tryggare kvardag!