Målet med samlinga var å danne eit godt kunnskapsgrunnlag for å kunne utarbeide eit gjennomarbeidd rom- og funksjonsprogram for det planlagde helse- og omsorgsbygget i Gaupne.
Problemstillinga for workshopen var: «Korleis skal tenestene som samlokaliserast i nytt helsebygg i Gaupne jobbe saman for at nytt helsebygg skal bli noko meir enn at ulike tenester samlast under same tak?» Workshopen, som er den andre i rekka, hadde som hovudmål å etablere ei felles forståing for korleis tenestene kan organiserast og samhandla i det nye bygget, og korleis ein kan oppnå gevinstar ved samlokalisering. Gjennom dagen vart det arbeidd med konkrete problemstillingar knytt til sambruk, samarbeid og strategisk utvikling av helse- og omsorgstenestene.
Deltakarane fekk mellom anna:
- Presentert nærleiksdiagram utarbeidd av dei ulike tenestene
- Informasjon om prosjektet sin framdrift og status for nytt helsebygg
- Arbeidd med plan for inndeling av bygget
- Diskutert korleis ein kan realisere gevinstar ved samlokalisering og sambruk
Kommunalsjef John Olaf Røhme opna dagen med å presentere strategiske føringar og introduserte tenesteinnovasjonsprosjektet som skal starta opp i løpet av oktober. Konsulentselskapet WSP leia store delar av programmet, og fasiliterte både faglege innlegg og gruppearbeid. Deltakarane i workshopen var samansett av leiarar og fagleiarar i helse- og omsorgstenesta. I tillegg deltok tillitsvalde, verneombod og fleire tilsette frå dei ulike einingane og driftspersonale.
Workshopen gav nyttige innspel og eit styrka grunnlag for det vidare arbeidet med rom- og funksjonsprogrammet.