Ordninga blir som fylgjer:
Luster kommune innfører rapporteringskontroll for skotne kalvar over ordinær kvote. Bilde av skutt dyr(heile dyret), samt bilde av heile underkjeven(alle tenner må visast) skal sendast på e-post til runar.hatlevoll@luster.kommune.no med datomerking. Det skal førast inn som skutt i appen sett og skutt eller på hjorteviltregisteret.no innan jaktdagen er over. Alle kjevar frå kalvane over kvota skal takast vare på for kontroll. Kommunen vil ta stikkprøve undervegs i jakta. Rapporteringsplikta er heimla i § 32 i forskrift om forvaltning av hjortevilt 3, ledd.
Regler og vilkår for kvotefri jakt på hjortekalv:
Jaktrettshavarar: Retten til å fella eit fritt tal hjortekalvar gjelder alle jaktrettshavarar i valdet. Den enkelte grunneigar må imidlertidig også samtykke til at kvotefri jakt på hjortekalv i samsvar med dispensasjonen, kan utøvast på sin eigedom. For sameige gjelder vanlege reglar etter sameigelova.
Jeger må ha tillatelse frå grunneigar for å jakte på eigedommen, sjølv om det er kvotefri jakt.
Valdets vedtekter: Sjølv om kvotefri jakt er tillatt, anbefalast det at valdet blir einige om korleis frikalv skal gjennomførast i valdet.
Rapportering: Alle felte kalvar, uavhengig av om de er skutt under kvotefri jakt eller ikkje, må rapporterast i "Sett og skutt" appen eller Hjorteviltregisteret (HVR).
Kvotefri jakt på kalv er et tillegg til den ordinære fellingstillatelsen.
I fjor var det ein del spørsmål knytt til når ein har skote ein frikalv. I teorien er det ingen fri kalv før kvoten er tom i valdet. Men det enklaste er å melde frå når "du" som person er tom for kalveløyver. Då rapportera du inn for å vera sikker. Det vil seie at ein kan starte å jakte på frikalv sjølv om det er igjen kalvar på kvota i valdet.