Høyring - Gaupnegrandane

Kommunestyret har i møte d. 18.06.2026 delvis vedteken detaljreguleringsplan for Gaupnegrandane - planID 2021005, og det vert med dette gjeve melding om 3. gongs høyring av planen.

Luster kommune har i samråd med Sogn Utvikling AS vorte einige om at industridelen av planen skal leggast ut til nytt offentleg ettersyn for å ha ein betre prosess rundt etablering av datasenter. Av prosessuelle orsakar har kommunen og Sogn Utvikling AS vurdert det til at det vil vere fornuftig med eit nytt ettersyn med tanke på offentlegheit og nokre praktiske detaljar knytt til planen, ikkje minst med omsyn til bruk av overskotsvarme.

Kommunen takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringane som vart gjort etter høyring og offentleg ettersyn her og du kan finne saksdokument og komme med innspel her.

Dersom du har spørsmål ta kontakt med ansvarleg planleggar Nikolai Weum-Andersen  e-post nikolai.hoelgaard.weum-andersen@luster.kommune.no eller telefon 41668639.

Fristen for å koma med merknadar er sett til 26.08.2026. Innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema via heimesida eller på e-post: post@luster.kommune.no. Merk innspelet med plan-ID.