Alle kommunar der det vert jakta hjortevilt skal ha målformuleringar for forvaltning. Kommunen skal vedta målsettingar for utviklingen av bestanden av elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt på arten(e). Måla skal blant anna ta omsyn til beitegrunnlag, bestandsutvikling, skader på jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane.
I framlegget er det gjeve ein omtale av status og utfordringar for alle dei tre hjorteviltartane som kommunen har fovaltningsansvaret for; hjort, elg og rådyr. Førekomsten av elg og rådyr er svært små samanlikna med hjortestammen, og har derfor ikkje fått like stor plass i planen. Kort oppsummert vert det lagt opp til å redusere hjortestamma litt, og halde dei to andre artane på lågt nivå. I planen er det vurdert nøye korleis måloppnåinga var i forrige periode. Det er fleire positive teikn med færre sette dyr og at gjennomsnittsalder på dyra ser ut til å auka. Jegerane blir stadig flinkare til å felle større andel med ungdyr og kalv. Det ser også ut som utfordringar knytt til påkøyrsler, skog, landbruk og naturmangfald har blitt noko mindre.
Her kan du lesa dokumenta i saka og sende innspel
Innspel kan også sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne eller på epost til post@luster.kommune.no
Høyringsfrist er 1. desember.