Vestland fylkeskommune har for tida to regionale planar ute på høyring:
- Regional plan for verdiskaping og kompetanse
- Regional plan for areal og mobilitet
Planane har eit 12-årsperspektiv og legg viktige rammer og føringar for kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar i fylket. Dei jobbar no difor for å nå breitt ut for å få inn så mange høyringsinnspel som mogleg. Begge høyringane har frist 1. november.
Nyheitssak om planane
Kort om planane:
Regional plan for verdiskaping og kompetanse set rammene for korleis Vestland skal utvikle næringsliv, arbeidsplassar og kompetanse dei neste åra. Planen er viktig fordi fylket står overfor store utfordringar: fleire eldre, færre i arbeid og eit næringsliv som må stille om til lågare utslepp og ny teknologi.
Informasjon om høyringa på Regional plan for verdiskaping og kompetanse
Regional plan for areal og mobilitet handlar om korleis vi brukar areala i Vestland på ein smart og berekraftig måte. Planen er viktig fordi vi må redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og matjord, og samstundes sikre at Vestland er ein godt stad å bu og drive næring.
Informasjon om høyringa på Regional plan for areal og mobilitet
Skjolden illustrasjonsbilete
Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)