Årets aksjon har fått navnet «Sammen åpner vi dører», og skal bidra til at 200 000 menneske i land som Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda får tilgang til hjelpemidlar, skulegong, arbeid og helsetenester. Hydro sitt samla bidrag på 1 150 000 kroner kjem frå selskapet sine mange fabrikkar og kraftverk over heile landet, inkludert 50 000 kroner fra Hydro Energi Sogn i Fortun.
Kraftverkssjef Per Gullaksen seier engasjementet for TV-aksjonen står sterkt blant dei tilsette: – TV-aksjonen er ein viktig nasjonal innsats for å skape endring der behova er størst. Det er meningsfullt å kunne bidra frå lokalt hald til eit føremål som handler om rettar, inkludering og verdigheit for menneske som ofte står utanfor, seier Gullaksen.
Årets mottaker av midlane som blir innsamla er Atlas-alliansen, ein paraplyorganisasjon for norske funksjonshemma sine organisasjoner med lang erfaring frå internasjonalt bistandsarbeid. – Det er fint å sjå at engasjementet for TV-aksjonen lever sterkt blant våre tilsette. Mange har eit personlig forhold til aksjonen, og det skaper stoltheit å vere ein del av eit fellesskap som bidreg både lokalt og globalt, sier Per Gullaksen.
Hydro har vore fast bidragsytar til TV-aksjonen i over 15 år. TV-aksjonen på NRK har vore arrangert ein søndag i oktober kvart år sidan 1974 og reknast som verdas største dugnad. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 19. oktober.
Leiar for innsamlingsaksjonen Geir Arve Sandvik t.h. mottok sjekken på kr 50 000 av kraftverkssjef i Hydro Energi Sogn Per Gullaksen.