Den nye planen skal gjelde for dei neste 12 åra. Det skal også utarbeidast eit fireårig handlingsprogram som gjeld frå 2027.
Planen er mellom anna eit viktig grunnlag for tildeling av kommunale tilskot til kulturføremål og tildeling av statlege spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg.
Ønskjer innspel frå lag og organisasjonar
Kommunen ønskjer innspel frå lag og organisasjonar som planlegg bygging, rehabilitering og drift av nye anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Endringar i reglane for spelemidlar
Me gjer samtidig merksam på at det er gjort endringar i “Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping”
Ei av endringane er at velforeiningar ikkje lenger kan søkje om spelemidlar.
Frist for å kome med innspel til planarbeidet er 12. september 2026.
Spørsmål kan rettast til Ivar Kvalen
Tlf. 951 91 829
E-post: ivar.kvalen@luster.kommune.no
Du finn meir informasjon og kan sende innspel her