Inspirerande dagar - Luster kommune

Inspirerande dagar

Tysdag 10. mars og onsdag 11. mars vart det arrangert temakveld og fagdag psykisk helse for Sognaregionen. 

Gjennom to innhaldsrike dagar fekk både foreldre, ungdom og tilsette i tverrfaglege tenester som jobbar med barn og ungdom delta på inspirerande og lærerike føredrag med Tale Maria Krohn Engvik (Helsesista). Tilhøyrarane fekk og ei innføring i meistrelivet.no som no er blitt ei satsing for alle dei seks kommunane i Indre Sogn. 

Føredraga vart strøyma til klasserom og heimar, slik at endå fleire kunne vere med. Det vert og laga oppgåver som ungdommane og tilsette fekk arbeide vidare med i etterkant.

Kva treng ungdom frå oss vaksne?

I føredraget «Våg å være» retta mot foreldre og fagpersonar, sette Helsesista fokus på noko av det viktigaste i møte med ungdom: korleis vi kan vere trygge, tydelege og gode vaksne i ei tid prega av forventningar, sosiale medium og press frå fleire kantar. 

Ungdom treng både røter og venger – altså både tryggleik og grenser, men også fridom og rom til å utforske. Trygge relasjonar, ein heim å kome tilbake til og vaksne som bryr seg, er avgjerande. Samstundes må ungdom få ansvar og høve til å utvikle seg på eigne premissar.

Foreldra fekk også ei viktig påminning: Barn og unge treng ikkje perfekte vaksne – men vaksne som ser dei, likar dei, er nysgjerrige og til stades. Kanskje aller viktigast var oppmodinga om å også sjå dei som fell utanfor: Du kan vere den som gjer ein forskjell.

Gode råd til ungdommen

Onsdag ga Helsesista ungdomsskulelevane i  Sognaregionen konkrete og gode råd om korleis dei kan handtere kjensler, utfordringar og kvardagen som ungdom: 

  • Ikkje hald på vonde kjensler åleine – Det kan vere godt å dele og snakke med nokon. 
  • Øv på å kjenne att eigne kjensler og spør deg sjølv: Kva treng eg no? 
  • Det er heilt normalt å kjenne seg trist, stressa eller uroleg – ta pausar og be om hjelp til å handtere kjenslene. 
  • Våg å seie nei. Øv på å seie nei – «nei takk» er eit fullstendig svar, og du skuldar ingen forklaring. Eit «ja», skal vere ekte og ikkje eit resultat frå press. Til dømes når det gjeld alkohol, rus eller sex.
  • Våg å be om hjelp når noko er vanskeleg.
  • Våg å feile – ingen er perfekte, og det er slik vi lærer. Tør å prøve nye ting.

Gjennom føredraget vart ungdommane oppmoda til å vere seg sjølve, stå støtt i eigne val og vise omsorg både for seg sjølve og andre.

To dagar som set spor

Samlingane i Sogndal gav rom for både refleksjon, læring og gode samtalar – på tvers av alder og roller. Med viktige tema og engasjerande formidling vart dette dagar som både inspirerte og gav konkrete verktøy vidare.

«Våg å være» handlar nettopp om det: å tørre å vere seg sjølv – og å vere ein trygg og god person for andre.