Klima- og miljøpris

Me gratulerer John Geir Sperle og Ellen Kynningsrud med Klima- og miljøprisen for landbruket 2026!

Klima- og miljøprisen for landbruket 2026 vart delt ut på Landbrukskonferansen på Scandic Sunnfjord  Hotell i Førde 22. september.

John Geir Sperle og Ellen Kynningsrud driv gard i Jostedalen i Luster kommune, inst i Sogn. Dei har i gjennomsnitt 120–130 storfe, av desse om lag 50 mjølkekyr.

Dei får prisen for arbeidet sitt med friske kyr som har god fruktbarheit og høg avdrått. Saman med god drift av jorda bidreg dette til lågt klimaavtrykk. 

Sjå Vestland fylkeskommune sin presentasjon
 

John Geir Sperle og Ellen Kynningsrud saman med ungane Bertine og Johan tek i mot Klima- og miljøprisen. Åshild Ekrene