Kommunestyremøte med tema
Torsdag 18. juni frå klokka 9.00 er det kommunestyremøte med temamøte om oppvekst før det ordinære kommunestyremøtet.
Temamøte om oppvekst kl. 09.00–12.00
På temamøtet står desse sakene på programmet:
- Presentasjon av tilstandsrapport for oppvekst.
- Innlegg frå Ungdommen sitt kommunestyre: Kva skapar det gode klasse- og skulemiljøet?
- Arbeid i temastasjonar.
Kommunestyremøtet startar kl. 12.00
Frå klokka 12.00 startar handsaminga av sakene på sakslista til kommunestyremøtet.
Kommunestyret skal mellom anna handsame:
- Reguleringsplanar for Gaupne sentrum og Gaupnegrandane
- Kommuneplan for avlaup
- Vidare strategi for utbetringstiltak på fylkesveg 55 Gaupne–Skjolden
- Reviderte retningslinjer for varsling
- Fleire andre saker
Heile saklista og møtedokument finn du her.
Du kan følgje møtet direkte på kommune-TV.