Kor trygg er heimen din?

Frå 28. til 30. oktober 2026 kan du besøkje utstillinga «Den trygge boligen» på Pyramiden. Her får du enkle og nyttige råd om korleis du kan gjere bustaden og kvardagen tryggare.

På utstillinga kan du mellom anna lære meir om:

  • korleis du kan førebyggje fall
  • branntryggleik i bustaden
  • små tiltak som gjer kvardagen tryggare
  • korleis du kan bu trygt heime lengst mogleg

Du kan også møte fagfolk frå Luster kommune og Sogn brann og redning, som kan svare på spørsmål og gi gode råd.

Tid og stad

Stad: Pyramiden
Dato: 28.–30. oktober 2026

Opningstider

  • Onsdag 28. oktober: kl. 11.00–15.00
  • Torsdag 29. oktober: kl. 11.00–17.00
  • Fredag 30. oktober: kl. 11.00–15.00

Utstillinga er gratis og open for alle. Du treng ikkje melde deg på.

Gratis transport

Har du behov for transport til og frå Pyramiden, kan du bestille dette gratis.

Telefon for bestilling: 57 68 55 00

Bestillingsfrist: 23. oktober

Velkomen innom

Kom innom for ein hyggeleg prat og få konkrete råd om korleis små grep kan gi større tryggleik i heimen.

Tryggare heim, tryggare kvardag!