Kulturbygging og strategisk arbeid
Vinnar av Luster kommune sin kulturpris 2025, Erling Bjørnetun, saman med ordførar Andreas W. Wiese.
Luster kommune
Gjennom meir enn fire tiår har Erling Bjørnetun vore ein nøkkelperson og ei drivkraft på kulturområdet i Luster. Stillingstittelen har endra seg litt gjennom tiåra; kultursekretær, kultursjef og seniorrådgjevar. Formidling av lokalhistorie og kulturarv, og fokuset på levande og aktive lokalsamfunn har vore ein raud tråd. For denne breie innsatsen vart Bjørnetun tildelt Luster kommune sin kulturpris for 2025.
Dei siste åra var sluttføringa av bygdebøkene eit sentralt arbeid for Bjørnetun og kulturkontoret i Luster. No er det storverket ferdigstilt. Med den nye stillinga opnar det seg eit nytt kapittel for kulturarbeidet i Luster. Kva skal vere dei nye satsingsområda på kulturfeltet frametter? Korleis skal den rike kulturarven i Luster forvaltast, og korleis kan kommunen bidra til å styrkje eit aktivt kulturliv i kommunen?
Kommunen ser etter ein kandidat som brenn for kulturfeltet og som kan synleggjere og utvikle det rike kulturtilbodet i Luster. Kommunalsjef Knut Åge Teigen uttalar at denne stillinga er ein sjeldan sjanse: - Ei liknande kulturstilling i Luster kommune har altså ikkje vore utlyst sidan 1980 då Erling Bjørnetun vart tilsett som kultursekretær. Både kultursektoren og samfunnet har endra seg mykje i løpet av desse åra, men kulturen si viktige rolle som møteplass, brubyggjar og gledesspreiar består. Dette er ein unik sjanse for ein person som ønskjer å jobbe tett på kulturlivet i Luster og styrke kultursektoren som satsingsområde i kommunen.
Utlyst kulturstilling i 2026 og 1980.Den nye kulturleiaren skal bidra til å setje retning for kulturfeltet, utvikle lokale satsingar og prosjekt, og styrkje samarbeidet med frivilligheita. Rolla omfattar òg nettverksbygging, søknadsarbeid, tilskotsforvaltning og oppfølging av prosjekt.
Dette er ei stilling for deg som trivst i skjeringspunktet mellom utvikling og gjennomføring – og som vil vere med og forme kulturarbeidet i ein kommune med sterk identitet og stort engasjement. Søknadsfristen er 9. august.
Stillinga som rådgjevar politisk sekretariat er også lyst ut med same søknadsfrist. Den har heller ikkje vore lyst ut på over 40 år. Dette er ein gylden sjanse. Les meir om stillingane her: Luster kommune - Våre ledige stillingar