Lustranytt blir årleg

Etter vedtak i kommunestyret vil Lustranytt frå og med 2026 bli gitt ut ein gong i året. Magasinet vil bli distribuert i byrjinga av desember.

Med årleg utgiving vil innhaldet i Lustranytt i større grad spegle året som har gått. 
Magasinet vil framleis gi innsikt i saker og prosjekt, og artiklar frå dei ulike einingane vil framleis vere ein viktig del av innhaldet.

Som tidlegare vil magasinet by på variert lesestoff og reportasjar med lokal forankring, noko som gjer Lustranytt til det det er.

Vi ser fram til å dele eit innhaldsrikt magasin med deg i desember!

Her kan du bla gjennom tidlegare utgåver av Lustranytt (tilbake til 2010)