Markering av utvandringsjubileet
I år markerer me eit viktig jubileum: Det er 200 år sidan starten på den store utvandringa frå Noreg til Amerika. Frå midten av 1800-talet og utover reiste over 800 000 nordmenn til USA – på jakt etter fridom, arbeid og eit betre liv.
I samband med dette ønskjer me å rette merksemda mot denne viktige delen av historia vår. Me inviterer alle innbyggjarar til å lære meir om kvifor så mange nordmenn drog, og korleis det gjekk med dei i den nye verda.