Møte i UK - Luster kommune

Møte i UK

Tysdag 7. april frå klokka 10.00 held Ungdommen sitt kommunestyre møte på rådhuset.

Dette er første møtet her leiar og nestleiar i UK no vert kalla ordførar og varaordførar i UK. Desse titlane vart vedteke i kommunestyret, etter initiativ frå UK, og i daglegtalen kan dei kallast ung ordførar og ung varaordførar.

Møtet i Uk denne dagen startar med administrativ informasjon. Etter informasjonen går dei over til saklista, her dei mellom anna skal sjå på saker som Blås grønt 2026, kommuneplanen sin arealdel, aktivitetsplan for UK, detaljregulering for Salen i Gaupne med fleire.

Heile saklista og møtedokument kan du lese her.