Møte om tolegrenseanalyse

Luster kommune har inngått avtale med Vestlandsforsking om at dei skal gjennomføre ein lokal tolegrenseanalyse, og kommunen inviterer no bygdelaga i kommunen, næringsliv og andre interesserte. Møtet finn stad tysdag 24. juni kl. 18.00 – 20.00 i salen på Fjordstova/Skjolden.

I kommunestyresak 10/25 vedtok Luster kommunestyre å utløyse opsjon for ei lokal tolegrenseanalyse for Luster kommune, sjå saksutgreiing her

Tolegrenseanalysa vil omfatte heile Luster, og alle bygdelag og næringsliv (særleg knytt til reiselivsnæringa) er invitert. Luster kommune og Vestlandsforsking vil orientere om bakgrunn for arbeidet og korleis dette vert gjennomført. Det vil også bli opna for innspel. 

Om du ønskjer å delta, send ei påmelding til Ole Gunnar Krakhellen