Ny avtale om velferdsteknologi og responsteneste

Luster kommune har meldt seg ut av Alarmsentralen IKS, og har i den samanheng inngått avtale med Hepro Respons som ny leverandør av velferdsteknologi og responsteneste. Avtalen er inngått etter ein grundig anbodsprosess.

Den nye løysinga inneber at kommunen vil ta i bruk moderne tryggleiksalarmar med tilhøyrande sensorar, digitale tilsyn, lokaliseringsteknologi, elektronisk medisineringsstøtte mm.  som skal bidra til auka tryggleik og betre oppfølging for brukarar av heimetenester. 

 Pasientvarslingsanlegg på omsorgssentera vil ikkje bli påverka av denne endringa – her held kommunen fram med eksisterande leverandør NNO.

 Implementering av den nye løysinga vil starte så snart som råd slik at me er ferdig i god tid før noverande avtale går ut ved nyttår. Alle brukarar og pårørande vil bli godt informerte gjennom heile prosessen, og kommunen vil sikre god dialog og oppfølging i samband med overgang til ny løysing.

 Luster kommune er særs nøgd med tilbode frå Hepro Respons, og har stor tru på at denne løysinga vil bidra til å heva kvaliteten på tenestene me gjev ved bruk av velferdsteknologi.