Kostiantyn Roman
Gaupne omsorgssenter
Luster kommune har i dag fått seg ein ny helsefagarbeidar!
Gratulera så mykje til Kostiantyn Roman som i dag har fått godkjendt sin fagprøve som helsefagarbeidar ved Gaupne omsorgssenter. Han har teke utdanninga over 1 1/2 år - som modulstrukturert fag -og yrkesopplæring.
Det å kombinere fag og læretid er eit av fleire alternativ, for å kunne ta fagbrev.
Kostiantyn jobbar og vil fortsette å jobbe ved Gaupne omsorgssenter
Nysgjerrig på å vera lærling?
Les meir på nettsida til Sogn opplæringskontor
Søknadsfrist 1. mars kvart år