Ny heimesideMe er glade for å kunngjere at me no har lansert ny heimeside. Med oppdatert, moderne design og mange nye funksjonar.Det er ei stolt kommunikasjonsavdeling som i dag feirar og endeleg kan lansere! På bilete: Frå venstre: Trond Helge Eide, Zarina Pohribna, Marianne Beheim Sønnesyn, Mona Jacobsen og Ørjan TalleMed oppdatert og moderne design, mange nye funksjonar, og ikkje minst ein meir brukarvenleg struktur, håpar me det no blir enklare for deg å finne den informasjonen du treng.Den nye nettsida er tilpassa mobil, nettbrett og PC, slik at du enkelt får tilgang til kommunale tenester, nyhende, kontaktinformasjon og meir. Innhaldet blir presentert på ein oversiktleg og lesarvenleg måte, tilpassa ulike skjermstorleikar.Brukarvenleg navigasjon har stått sentralt i utviklinga av nettsida. Målet er at du raskt og enkelt skal finne svar på det du lurer på, utan unødig navigering og med færre klikk.Ein ny funksjon på nettsida er moglegheita til å booke møte direkte med ein rådgjevar gjennom den nye bookingløysinga. Du kan enkelt sjå rådgjevarens ledige tider i kalenderen og velje det tidspunktet som passar deg best.Luster kommune oppmodar alle til å navigere rundt på den nye nettsida og me set stor pris på tilbakemeldingar som kan bidra til at me kan gjere sida endå betre.Leverandøren er no ACOS CMS og me er glad for å nytte ein leverandør som jobbar framtidsretta og stadig utvikla nye verktøy som kan koma besøkande på nettsida til gode.No er me endeleg i mål, og håpar at sida kan vere til nytte for informasjon og sjølvbetjening i lang tid framover. Lansering av sideDet er ei stolt kommunikasjonsavdeling som i dag feirar og endeleg kan lansere! På bilete: Frå venstre: Trond Helge Eide, Zarina Pohribna, Marianne Beheim Sønnesyn, Mona Jacobsen og Ørjan Talle07.02.2025 09:52Lansering - internt i kommunen31.01.2025 10:05Designet er ferdigNo er me i mål med designet, no veit me korleis sida skal sjå ut.No startar jobben med innhaldet.09.10.2024 10:04Profilhandbok vedtekenFormannskapet godkjenner at grafisk profilhandbok for Luster kommune slik den ligg føre vert nytta i det vidare profileringsarbeidet.Les heile saka og sjå profilen her - Sak 121/2412.06.2024 09:53Oppstartsmøte31.01.2024 10:00Avtale inngått med ACOS CMSAvtalen er underskriven, no startar planlegginga.22.12.2023 09:58