Luster kommune har utarbeidd ei ny innsatstrapp som skal gi betre oversikt og styring med helse- og omsorgstenestene i åra som kjem. Innsatstrappa vart presentert og drøfta i råda den 10. juni, og vert handsama vidare i formannskapet 11. juni og i kommunestyret 19. juni.
– Me står framfor store demografiske endringar med fleire eldre og færre yrkesaktive. Då treng me heilskaplege løysingar som gjer tenestene meir berekraftige, seier kommunalsjef John Olaf Røhme.
Eit heilskapleg verktøy for planlegging
Den nye innsatstrappa har 12 trinn og skal fungere som eit verktøy for å sjå ulike tilbod og innsatsnivå i samanheng – frå førebyggjande tiltak og heimetenester til institusjonsplassar og heildøgns omsorg. Trappa er utarbeidd i samarbeid med fagmiljø, brukarar, pårørande og nasjonale rådgjevarar.
– Innsatstrappa gjev oss ei betre forståing av kva tilbod me har, kvar innsatsen bør setjast inn, og korleis me kan møte individuelle behov med fleksible løysingar, seier prosjektleiar Ole Martin Brennsæter.
Trinn | Tilbod / Nivå | Innhald |
---|
12 | Forsterka plassar | Tilbod for personar med omfattande demens, alderspsykiatri eller særleg ressurskrevjande behov |
11 | Langtidsplass i institusjon | Permanente sjukeheimsplassar med 24/7 omsorg og medisinsk oppfølging |
10 | Heildøgns omsorg (HDO) | Bustader med døgnbemanning for personar med stort hjelpebehov |
9 | Korttidsopphald i institusjon | Rehabilitering, avlastning, korttidspleie |
8 | Bustadar med fellesfunksjonar (tryggleiksbustadar) | Tilrettelagde bustader med fellestilbod, som eldresenter eller bufellesskap |
7 | Heimetenester – omfattande | Fleire daglege besøk, tverrfagleg oppfølging, omfattande medisinsk og pleiefagleg hjelp |
6 | Heimetenester – moderate | Personleg hjelp, medisinsk oppfølging, meir omfattande praktisk bistand |
5 | Heimetenester – enkle | Praktisk bistand, matombringing, tryggleiksalarm |
4 | Egenmeistring og støtte | Individuell støtte for å meistre kvardagen, tilrettelegging |
3 | Råd og rettleiing | Kommunal rettleiing, velferdsteknologi, tryggleiksalarm, hjelpemiddel |
2 | Aktivitet og deltaking | Frivilligheit, møteplassar, trim, kultur, lågterskeltilbod, sosiale møteplassar |
1 | Universelle tiltak | Gode lokalsamfunn, folkehelse, førebygging, velferdsteknologi, informasjon, helsesamtalar |
Samling av bemanningstunge tenester
Eit sentralt forslag i arbeidet er å samle dei mest ressurskrevjande tenestene (trinn 9–12) i eit nytt helse- og omsorgssenter i Gaupne, som er planlagt ferdigstilt tidlegast i 2029. Dette omfattar både korttidsopphald, langtidsplassar, forsterka tilbod og demensomsorg.
Samtidig vert det tilrådd å vidareføre og styrke heimetenester og bustadtilbod på dei lågare trinna i trappa – som omsorgsbustadar og tryggleiksbustadar i Luster og på Hafslo, og etablering av personalbasar for heimetenesta i Gaupne og på Hafslo.
Forankra i nasjonale føringar
Arbeidet med innsatstrappa er i tråd med nasjonale reformer som Bu trygt heime og Leve heile livet, og med tilrådingar frå Helsepersonellkommisjonen og Agenda Kaupang si analyse av bustadbehov for eldre i Luster fram mot 2040.
– God helse vert i stor grad skapt utanfor helse- og omsorgstenestene. Me vil leggje til rette for aldersvennlege lokalsamfunn, gode bustadar og sterkare heimetenester, slik at folk kan bu trygt heime lengst mogleg.
Du kan lese meir i saksdokumenta her
Vidare politisk handsaming
Innsatstrappa vart orientert om i Rådet for personar med funksjonsnedsetting og eldrerådet 10. juni. Framlegget skal no handsamast i formannskapet 11. juni og kommunestyret 19. juni. Endeleg vedtak om ny struktur og vidare satsing på helse- og omsorgstilbod vert fatta i desse møta.