Tora Optun er tilsett som ny kulturleiar i Luster kommune og tek til i stillinga over nyttår.
Det er 46 år sidan sist ei tilsvarande stilling vart lyst ut ved kulturkontoret, så dette har vore ein sjeldan jobbmoglegheit som har skapt stor interesse. Det var 13 søkarar til stillinga.
Optun arbeider i dag som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har ein master- og bachelorgrad i estetiske studium. Tidlegare har ho arbeidt ved Den Nationale Scene i Bergen, vore journalist og kulturkritikar og konsulent for den kulturelle skulesekken.
- Eg er takksam for å få denne stillinga, seier den nytilsette kulturleiaren og fortset: I Luster er det mange som stiller opp og bidreg til å skape noko saman og for kvarandre. Det er så verdifullt, og noko av det som gjer Luster til ein stad der ein ønskjer å vere. Eg gler meg til å støtte opp om det rike kulturlivet vi har her i kommunen.
Kommunalsjef Knut Åge Teigen er også nøgd: Dette har vore ei spennande og attraktiv utlysing der me fekk mange gode søkarar. Tilsetjingsprosessen har vore grundig, og me er glade for at Optun har takka ja til stillinga. Optun har ein relevant og nyttig arbeids- og utdanningsbakgrunn som vil styrke kulturkontoret. Med denne tilsetjinga får kommunen auka kapasitet til å prioritere kulturfeltet, eit område som er viktig for innbyggjarane i kommunen, både dei unge og dei eldre.
Tora Optun
Luster kommune