Ny leiar er tilsett

Anne Grethe Leirdal er tilsett som ny rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter.

Anne Grethe Leirdal - Klikk for stort bileteAnne Grethe Leirdal Luster kommune

Ved søknadsfrist 15. februar var det kome inn to søkjarar til stillinga som rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter. Båe søkjarar var kvalifiserte. Etter gjennomførte intervju og referanseinnhenting er Anne Grethe Leirdal tilsett som ny rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter frå og med 1. august 2026.

Leirdal kjem frå stillinga som assisterande avdelingsleiar i Ecura. Tidlegare har Leirdal vore mangeårig lærar i Lustraskulen, ho har vore kontaktlærar og teamleiar, plasstillitsvald og lokallagsleiar i Utdanningsforbundet. Leirdal var også ressurslærar i språkkommunesatsinga som Luster kommune var del av. 

Om den nye stillinga som rektor/styrar ved Skjolden oppvekstsenter uttalar Leirdal:
«Eg gler meg til å bli ein del av miljøet ved Skjolden oppvekstsenter og til å arbeide saman med tilsette, born/elevar og foreldre for ein god og trygg skule og barnehage.»

Kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen er nøgd med rekrutteringa: «Det er ei glede å ønskja Anne Grethe Leirdal attende til Lustraskulen og til ny rolle som skule- og barnehageleiar i Skjolden. Leirdal har solid praksiserfaring frå fådelt skule og kjenner godt organiseringa i oppvekstsenter. Ho har også erfaring med administrasjon og personaloppfølging frå sin noverande jobb. Både for personalet og for føresette er det også betryggande at me no tidleg har fått avklart etterfølgjaren til konstituert rektor/styrar. Me skal få til ein god overgang, dette vert bra.»