Oppseiing av fastprisavtalar for husstandar i Luster kommune

Via Luster Energi, som forvaltar omsetjing av straumavtalar for Luster kommune, så har kommunen no sagt opp alle avtalar med husstandar om straum.

Ordførar Andreas Wollnick Wiese - Klikk for stort bileteOrdførar Andreas Wollnick Wiese Ørjan Talle

På spørsmål om kvifor Luster kommune no seier opp alle avtalane med dei innbyggjarane som har inngått avtale om fastpris på straum til husstandar, så seier ordførar Andreas Wollnick Wiese at målet med fastpris har heile tida vore at innbyggjarane våre skal ha eit sikkerheitsnett som sikrar dei frå uføreseielege og høge straumutgifter. No har Stortinget avgjort at dei skal innføre Noregspris frå 1. oktober, der prisen vert 40 øre/kWh før avgifter og påslag.

Ordføraren held fram med å seie at Norgesprisen er lågare enn fastprisen som innbyggjarane i Luster betalar. Difor er det naturleg for Luster kommune å fristille lustringane frå dei avtalane som er inngått, slik at innbyggjarane har moglegheit til å vurdere om dei ønskjer å inngå ny og lågare fastprisavtale gjennom Norgespris. I kommunestyrevedtaket om fastpris var det opna for at kommunen kunne seie opp avtalane dersom det vart etablert nye statlege ordningar, og det er det kommunen no gjer gjennom Luster Energi. Sidan det er krav om 3 månadars varsel, så kjem denne oppseiinga no før 1. juli seier Wiese.

Wiese understrekar at no er det opp til kvar einskild kva ein vil gjere frå 1. oktober, men alle skal vite at den ordninga som no vert etablert er rimelegare enn Luster si eiga ordning. Det tek nok litt tid før det er klart for tinging av ny avtale, men regjeringa estimerer at det vil vere klart frå om lag 15. september. Alle vil få meir informasjon av netteigar Breheim Nett om dette, og dei som ønskjer Norgespris må gjere ei aktiv bestilling. Norgespris vil også gjelde fritidsbustadar, noko Luster kommune sin fastprisavtale ikkje dekkar.

Eg vil også understreke at sidan Noregspris ikkje gjeld næringsliv, så vil det ikkje skje nokon endringar for lustraverksemdene som har inngått fastprisavtalar. Desse vil løpe til 31.12.2026, avsluttar Andreas Wollnick Wiese.