Det er gjort endringar i parkeringa i Solvorn.
Frå i år (2025) er det gjort endringar i parkeringa i Solvorn.

På storekaien vil det framleis vere 3 timarsparkering, men kun mellom kl. 09.00 – 18.00. Sjå lilla markering på kartet.
Det vil og bli etablert nokre parkeringsplassar inn mot pakkhuset.
For 2025 er det nye P-bevis. Luster kommune har hatt ein gjennomgang av kven som ikkje har eigen parkeringsplass på eigen eigedom. Dei som Luster kommune vurderer kvalifisera til å få P-bevis er kontakta. Sjå bilete av parkeringsbevis nederst.