Prekvalifisering av leverandører

Luster kommune har gjennomført prekvalifisering av leverandørar for utvikling og bygging av nytt helse- og omsorgssenter i Gaupne. 

Fristen for søknad om prekvalifisering var 21. oktober. Etter evaluering av innkomne søknader er følgande fire leverandørar valde ut til vidare deltaking i konkurransen:

  • Veidekke Entreprenør AS
  • Åsen & Øvrelid AS
  • Consto Bergen AS
  • Skanska Norge AS

Kommunen er godt nøgd med responsen i marknaden. Alle prekvalifiserte leverandørar har dokumentert solide kvalifikasjonar for å gjennomføre denne typen prosjekt. Luster kommune ser fram til den vidare konkurransen, og er trygge på at ein vil ende opp med ein god samarbeidspartner å vidareutvikle prosjektet i lag med.

Frist for å levere tilbod er 7. desember.