Dei felte hjortane fordelar seg på fylgjande kategoriar:
Eldre koller: 97
Eldre bukkar: 93
Ungkolle: 78
Spissbukk: 77
Hokalv: 85
Hannkalv: 109
Oversikt over felte dyr for år 1995-2025.Som du ser i figur 1 er det ein nedgang på 91 felte hjort frå 630 felte hjort i 2024. Nedgangen er i hovudsak eldre bukkar og eldre koller. Fellingstalet er på det jamne om ein ser på dei siste 10 åra.
Figur 2: Felt ungdyr og kalv i % for år 2010-2025For 2025 var det eit rekorduttak av ungdyr og kalv med 65 % av det totale uttaket. Trenden er tydeleg opp dei siste 10 åra.
Figur 3: Felt hjort per jegerdag år 2016-2025Felt hjort per jegerdag er slakt nedovergåande. Med betre hjelpemiddel skulle denne vera stigande. Då det skal vera enklare for jegerar å felle hjort med termisk kikkert. Dette er også med å vise at bestanden har flata ut og eller er nedovergåande.
Figur 4: Sett hjort per jegertime år 2016-2025
Figur 5: Sett hjort per jegerdag år 2016-2025Sett hjort per jegerdag og sett hjort per jegertime i utmark er stabil dei siste 10 åra. Ein veit at bruk at termisk handkikkert vil påverke sett hjort tala. Men kor mykje er vanskeleg å seie. Men utifrå undersøkingar er det grunn til å tru at dei fleste har tilgang til termisk i dag. Ut ifrå dette er det truleg ein nedgang i stamma med hjort.
Kommunen motteke også mindre meldingar om beiteskadar noko som underbygger ein bestandsendring. Det har også vore mindre med påkøyrsler og fallvilt dei siste åra.
Lite snø i fjellet har også utan tvil påverka jakta i 2025. Hjorten sto høgt heile jakta noko som gjore det vanskligare å felle. På hjorteviltregisteret.no finner ein oversikt over statistikkar for alle vald.