Det er eit samarbeid der kommunar og interesseorganisasjonar i landbruksnæringa samarbeider på tvers i fylka Innlandet, Møre og Romsdal og Vestland.
Målet er å få til endringar i norsk rovviltforvaltning.
Kravet er at jervebestanden i Norge må ned på det nasjonale bestandsmålnivået som Stortinget har vedteke i løpet av 2026.
Frå Luster er varaordførar Geir Arve Sandvik med i arbeidsutvalet.
Erklæringa vart vedteken i formannskapet i møte den 5. november.
Her kan du lese heile felleserklæringa og sjå kven som samarbeider.

