Reguleringsplan Gaupne

Informasjon om reguleringsplan for Gaupne sentrum 

30. juni var det møte i plan- og forvaltingsutvalet, der forslag til reguleringsplan for Gaupne sentrum vart gått gjennom og diskutert, og vedteke utlagt på høyring. 
I vedtaket har administrasjonen fått fullmakt til å gjere mindre endringar i planen før høyring, difor vil det ta noko tid før planen vert formelt utlagt på høyring. I løpet av seinsommar/haust vil det bli invitert til ope møte for innbyggjarane i Luster kommune. I møtet vil det vere mogleg å få informasjon om, og kome med innspel til planen, og møtet skal haldast i rimeleg tid før fristen for høyringa.

Informasjon om planarbeidet finn du på nettsida til kommunen, og spørsmål om planarbeidet kan rettast til 
Luster kommune, v/planleggjar Nikolai Weum-Andersen, tlf. 41 66 86 39, 
e-post: nikolai.hoelgaard.weum-andersen@luster.kommune.no.