Reguleringsplan Gaupnegrandane

2. gongs høyring av reguleringsplan for Gaupnegrandane – planID 2021005

Oversikt Gaupne sentrum med Grandane - Klikk for stort bileteOversikt over Gaupne og Gaupnegrandane Ørjan Talle

Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune har vedteke å leggja detaljreguleringsplan for Gaupnegrandane med planID 2021005 ut på 2. gongs høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte 28.10.2025 (PFU-sak 76/25) i medhald av plan- og bygningsloven § 12-10. 

Føremålet med planarbeidet

Mål for planarbeidet er å få utnytta ledig areal betre, få regulert noko nytt areal som kan nyttast til næring og friområde, få betra tilkomst til eksisterande næringstomter og endra arealbruken nokon stader.

Det har vore ein del endringar i høve siste planutkast, og disse er oppsummerte i eiget dokument for å gjere endringane enklare å identifisere og meir oversiktlege.

Eventuelle innspel kan sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, på elektronisk høyringsskjema eller på e-post: post@luster.kommune.no, innan 09.03.2026. Merk innspelet med plan-ID.

Høyring og dokument finn du her

Høyring og dokument